Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Velg språk: Bokmål Samisk

Val til kommunestyret og fylkestinget

I år er det val! Kommunestyret og fylkestinget held val kvart fjerde år. Ved å stemme er du med på å påverke kvardagen din og lokalsamfunnet ditt.

I år er valdagen 11. september 2023.

Du kan førehandsstemme i vallokala frå 10. august til 8. september.

Tenesteomtale

Kven som kan stemme

  • Norske statsborgarar som er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
  • Statsborgarar i andre nordiske land som har vore registrerte busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
  • Andre utanlandske statsborgarar som har vore registrerte busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.

Korleis å stemme

Du vil få tilsendt eit valkort. På valkortet finn du informasjon om opningstider og kva vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det går raskare for deg å stemme dersom du har det med. Hugs legitimasjon!

Gyldig legitimasjon
Du må legitimere deg når du skal stemme. Gyldig legitimasjon kan vere:

  • Pass - utgått pass blir òg akseptert
  • Førarkort - inkludert digitalt førarkort i app
  • Bankkort med bilete
  • Nasjonalt ID-KORT

Når du skal stemme:

  • Ta den stemmesetelen du vil bruke.
  • Gjer eventuelle endringar på stemmesetelen (sjå rettleiing på valg.no)
  • Brett saman stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut! Då kan ingen sjå kva du stemmer. Du skal ikkje bruke konvolutt eller anna omslag fordi stemmesetelen skal stemplast.
  • Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av stemmesetelen.
  • Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjend. Dersom du gir stemme til fleire val (eks ved lokal- og fylkestingsval)- hugs at alle stemmesetlane må stemplast!
  • Legg sjølv den stempla stemmesetelen i urna.

Kvar du kan stemme

I vallokala
Finn vallokala på nettsidene til kommunen.

Heimanfrå
Viss du på grunn av sjukdom eller anna ikkje kan stemme i eit av vallokala, kan du søkje om å stemme heimanfrå. Ta kontakt med oss i administrasjonen så hjelper vi deg vidare. 

På institusjon
Er du bebuar, tilsett eller pårørande kan du delta i førehandsstemminga på institusjon. Ta kontakt med resepsjonen på institusjonen for å vite nøyaktig tidspunkt.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Tjenesten oppdatert: 23.06.2023 12:03

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk