Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Velg språk: Bokmål Samisk

Tilskot til Den norske kyrkje

Kommunen gir tilskot til kyrkja si verksemd lokalt. Tilskotet skal brukast til bygging, vedlikehald og drift av kyrkjebygg.

Tenesteomtale

Tilskotet som kyrkja får av kommunen skal sikre at kyrkjebygga blir haldne i forsvarleg stand, slik at dei kan nyttast til gudstenester og kyrkjelege handlingar. 
Tilskotet skal også brukast til intern administrasjon i kyrkja og til å sikre at soknet har tilfredsstillande bemanning ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, som kyrkjetenar, klokkar og organist/kantor. 
Det er også mogeleg at kommunen yter tenester i staden for å gi økonomisk finansiering.

Målgruppe

Trussamfunn som tilhøyrer Den norske kyrkje.

Kriterium/vilkår

Eit trussamfunn kan godt omfatte fleire kommunar. Det vil då motta tilskot frå alle dei rørte kommunane.

Lover

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kyrkjemøtet må avgjere kva organ for soknet som skal motta tilskotet. Deretter skal soknet levere eit budsjettforslag til kommunen. Budsjettforslaget skal blant anna innehalde tilskot til kyrkjeleg undervising, diakoni og kyrkjemusikk.
Dersom kommunen ønskjer å yte tenester i staden for økonomisk finansiering, vil det fyrst skje etter ein avtale mellom kommunen og soknet. Eksempel på slike tenester er IKT- og rekneskapsfunksjonar.

Tjenesten oppdatert: 16.12.2020 15:10

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk