Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Velg språk: Bokmål Samisk

Sosialtenester for innsette i fengsel

Innsette i fengsel har rett til å søkje om å få sosialtenester på lik linje med andre i kommunen.

Tenesteomtale

Innsette i fengsel kan søkje sosialtenesta i den kommunen dei haldt til i før innsetting, om  økonomisk sosialhjelp og andre tenester. Det er ein føresetnad at ein først undersøkjer om fengselsvesenet kan dekkje det behovet ein har. Pårørande kan få dekt reiseutgifter til fengselsbesøk dersom dei ikkje har pengar til å dekkje det sjølve. Når den innsette er sett fri, kan han/ho søkje tenester i den kommunen han/ho vel å bu i. Tenesta kan omfatte økonomisk rådgjeving og stønad til utgifter som

  • klede
  • briller og andre hjelpemiddel 
  • tannhelseteneste
  • kost og losji under permisjonar

Ved lauslating kan sosialtenesta tilby

  • klede og sko
  • midlertidig husvære
  • hjelp til å hjelp til å skaffe ein permanent bustad.

Kriterium/vilkår

Tenestene blir tildelte etter ein individuell vurdering.

Lover

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt

  • Barnevernslova Kapittel 3 Hjelpetiltak
  • Sosialtenestelova §§ 17, 18 og 19
  • Lov om kommunenes ansvar for det boligsosiale feltet.

Forvaltningsloven
Lov om kommunenes ansvar på det boligsosiale feltet
Barnevernsloven
Sosialtjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan vende deg til den kommunen du budde i før arrestasjonen. Dersom du ikkje hadde opphald i Noreg da du blei arrestert, kan du vende deg til arrestasjonskommunen. 

Saksbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.

Saksbehandlingstid

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Statsforvaltaren. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. 

Tjenesten oppdatert: 27.06.2023 14:29

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk