Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Velg språk: Bokmål Samisk

Reklameskilt langs veg

Du må søkje om løyve til å setje opp skilt langs kommunal veg av omsyn til trafikktryggleiken. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebanen eller på vegkanten, er forbode.

Tenesteomtale

Du må søkje om å få setje opp reklameskilt ved vegen av omsyn til trafikktryggleiken. Det kan vere informasjon om næringsverksemd, eit produkt eller eit lokalt arrangement. Gjenstandane kan vere alt frå skilt til transparentar, flagg, ballongar, lys, osb. Uansett avstand frå vegen må du søkje dersom skiltet er retta mot trafikken eller er synleg for vegfarande. Kommunen gir løyve for ein avgrensa periode. Skilt på laus fot som blir plasserte på fortau, i køyrebana eller på vegkanten, er forbode. Dersom du set opp skilt utan løyve, og kommunen må fjerne det, må du betale det det kostar. Kommunen sender varsel om at skiltet må fjernast, men kan la vere å gjere det dersom det hastar med å fjerne skiltet.

Målgruppe

  • Næringsdrivande
  • Organisasjonar
  • Privatpersonar

Kriterium/vilkår

Du treng ikkje søkje dersom du skal setje opp

  • namneskilt eller reklame for eiga verksemd og som er plassert på sjølve bygningen der verksemda blir driven, såframt det ikkje påverkar trafikktryggleiken
  • skilt i kryss med privat veg, slik som adresseskilt eller "Køyr langsamt, born leikar"

Lover

Se veglova §§ 33 og 57, vegtrafikkloven § 5 og plan- og bygningsloven § 30-3.

Vegtrafikkloven
Forvaltningsloven
Plan- og bygningsloven
Veglova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Kommunen kan gje deg meir informasjon om kva det kan gjevast løyve for, kva som ikkje er tillate, og kva du kan gjere utan å søkje om løyve.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 11.05.2020 09:09

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk