Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Velg språk: Bokmål Samisk

Eigarseksjonering/reseksjonering

Seksjonering er å dela ein eigedom i fleire nytteeiningar.  Du kan t.d. søkja om å gjera ein del av ein bustad om til leilegheit. Reseksjonering er ein ny oppdeling av ein eigedom som allereie er seksjonert. Du må søkja kommunen om seksjonering eller reseksjonering.

Tenesteomtale

Eierseksjonering er ein måte å organisera sameie av fast eigedom på.  Ein eigarseksjon vil vera ein eiga juridisk eining som kan omsetjast og vert lånt uavhengig av resten av eigedomen eller nytteeiningane. Eierseksjonering eignar seg blant anna for oppdeling av bustadsblokker og horisontaldelte to- og firemannsboliger.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Kriterium/vilkår

  • Det må knytast einerett til bruk av nytteeininga
  • Du må laga ein sameiebrøk for kvar seksjon
  • Nytteeininga si hoveddel må vera ein klårt avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedomen
  • Viss det er fleire nytteeiningar på eigedomen, må alle vera del av seksjoneringen
  • Du kan berre søkja for éin grunneigedom
  • Den seksjonerte bustaden må vera ein lovleg bustad etter reglene i plan- og bygningsloven
  • Det må vera mogleg å oppretta parkeringsplass.
  • Du må oppgje om eininga skal brukast til bustad eller næring.
For eksisterande bygningar må pålagde bygningsmessige tiltak gjennomførast før seksjonering eller reseksjonering kan skje.

Pris for tenesta

Kommunen kan ta eit gebyr som skal dekka kostnadene til saksarbeidet.

Lover

Sjå spesielt § 12, § 13 og § 14 i eierseksjonslova.
Sjå blant anna matrikkellova § 6 Krav om oppmålingsforretning før matrikkelføring

Forvaltningsloven
Eierseksjonsloven
Matrikkellova
Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Når du skal seksjonera ein eigedom må du fylla ut eit begjæringsskjema.
 
Kommunen handsamar seksjoneringssaken og fører seksjoneringen i matrikkelen. Deretter sender kommunen melding til tinglysing. Kvar seksjon får då oppretta eit eige grunnboksblad.
 
Se veiledning til utfylling av søknadsskjema:

 

Vedlegg

  • sameiets vedtekter
  • situasjonsplan
  • planteikningar
  • viss søknaden gjeld utearealer, må du leggja ved rekvisisjon til oppmålingsforretning
  • egenerklæring.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal handsama saka innan 12 veker. Nyttar kommunen meir enn 12 veker, reduserast seksjoneringsgebyret med 25 prosent av det totale gebyret for kvar påbyrja veke tidsfristen ikkje blir overhalden.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 04.01.2021 20:17

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk