Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
Velg språk: Bokmål Samisk

Spesialundervisning for vaksne på grunnskuleområdet

Er du over 18 år og får grunnskuleopplæring, kan det henda at du har rett til spesialundervisning. Dette kan vera viss du av ulike grunnar ikkje får godt nok utbytta av den vanlege undervisninga.

Tenesteomtale

Spesialundervisning blir gitt til vaksne i grunnskulen dersom dei treng eiga opplæring i det som blir kalla grunnleggjande ferdigheiter. Grunnleggjande ferdigheiter kan vera:
  • Ferdigheiter i daglege gjeremål
  • Grunnleggende kommunikasjonsferdigheiter
  • Grunnleggende lesing og skriving
  • Motorisk trening, og anna.
Dei som får spesialundervisning har også krav på ein individuell opplæringsplan (IOP) og ein årleg rapport om opplæringa og utviklinga til eleven.

Målgruppe

Vaksne i grunnskuleopplæring.

Kriterium/vilkår

For å ha rett til spesialundervisning må eleven oppfylla to kriterium:
  1. Eleven har ikkje tilstrekkeleg utbytte av den vanlege opplæringa
  2. Eleven har behov for å utvikla eller halda ved like grunnleggjande ferdigheiter.
I begge tilfelle vil PP-tenesta gjera ei fagleg vurdering, og kommunen fattar eit enkeltvedtak.

Pris for tenesta

Opplæringa og undervisningsmateriellet er gratis.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Opplæringslova § 4A-2 og kapittel 5

Forskrift til opplæringslova kapittel 5 Klage på vurdering.

Forskrift til opplæringslova
Opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje om spesialundervisninga.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt avgjerda bli ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 27.06.2023 09:50

Språk Norsk - NorwegianSpråk Sami - Samisk