Opplæring i heimen ved langvarig sjukdom
Når ein elev har langvarig fravær på grunn av sjukdom, kan eleven ha rett til å få opplæring i heimen. Skulen vil gjere ei vurdering ut i frå tilstanden til eleven og forventa fravær.
Tenesteomtale
Målgruppe
Elevar i grunnskule og vidaregåande skule med langvarig fravær på grunn av sjukdom.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Sjå
Opplæringslova § 2-2, kapittel 5
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Saksbehandling
Saksbehandlingstid
Kommunen skal handsame saka så snart som mogleg. Viss saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til dette. Du skal samstundes få opplyst når det vert anteke at vedtaket vert fatta.
Høve til å klage
Viss du er misnøgd med vedtaket, kan du klaga til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgt med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Viss du treng rettleiing, kan du henvenda deg til kommunen. Opprettheld kommunen sin avgjerd, vert saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Tjenesten oppdatert: 24.03.2021 10:34