|

Tekst: Eilert Ospenes Melodi: Å Vestland, Vestland
Å, Tjeldsund, Tjeldsund, fagre bygd i nord, ein heim så mild på Norigs kjære jord. I undring ser eg du er laga slik, med fjell og kollar, skog og nes og vik.
Så gjestmild ven i somarsol du ligg, for vinterstorm i livd for nut og pigg. Og lia speglar seg i friske straum, så hugen sveipar seg i dikt og draum.
Og her var leia, her dei for framom, når dei for ut og dei frå utferd kom. Ja, her frå støa la han far frå land, med vigsel varm av mor si mjuke hand.
Til desse grender har eg lengt å trå, for her var mor og far si livdarkrå. Her vart han nørt min veike barnehug, av kjærleik varm til livsens leik og dug.
Så signe Gud mi vene Tjeldsund bygd, i helg og yrke, arbeid, tru og dygd. Og all mi von, mitt liv skal vera ditt din mjuke svip av nattsol gull er mitt.
|